Håp er ikkje klærver,
men eit skimt i mørke.
Det er første dråpen
i ørkenland og tørke.
Håp er midt i natta
og når vit må steile.
Det er lite lysblaff
og aning om det heile.

Håp er midt i døden
og når dag har blekna.
Det er vesle ordet
der han med eitt blir teikna.
Håp er han som står der,
gøymt i nakne Ordet.
Med ein åpen himmel
i alt han var og gjorde.

Du tåler alt av snø og kaldt
og is i trange årer
så lenge det smaker salt
av dine tårer.
